Retningslinjer for Friskus aktivitetskalender i Bygland kommune

Friskus Bygland er den felles aktivitetskalenderen for kommunen, der lag, foreiningar, organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder kan synleggjere arrangement og aktivitetar. Desse retningslinjene skal bidra til at kalenderen er ein open, inkluderande og oversiktleg møteplass som gjer det enkelt for innbyggjarane å finne ut kva som skjer i Bygland.

Friskus Bygland er ein aktivitetskalender der frivillige lag, organisasjonar, foreiningar, kommersielle aktørar og offentlege verksemder kan leggje inn arrangement og aktivitetar.

Målet er å gje innbyggjarane i Bygland ei god og samla oversikt over kva som skjer i kommunen.

Aktivitetskalenderen skal brukast til å synleggjere kultur-, idretts- og aktivitetsbaserte arrangement, som til dømes konsertar, framsyningar, treningar, kurs og liknande.

Alle lag, foreiningar, organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder kan opprette ein arrangørprofil gratis. Kvar arrangørprofil må vere registrert med ein kontaktperson og kontaktinformasjon.

For å publisere aktivitetar må arrangøren godkjenne desse retningslinjene:

  1. Opne og inkluderande aktivitetar
    Aktivitetane skal vere opne og inkluderande og bidra til fellesskap. Dei skal vere tilgjengelege for alle, uavhengig av politisk ståstad, religion, etnisitet, seksuell orientering eller andre personlege føresetnader. Ein kan skilje på kva del av befolkninga ein ønsker å nå ut til, til dømes born/ungdom/senior.
  2. Aktivitetar i Bygland kommune
    Arrangementa skal i hovudsak finne stad i Bygland kommune.
  3. Skilje mellom synlege og lukka aktivitetar
    I Friskus er det mogleg å ha både synlege og lukka aktivitetar.
    Synlege aktivitetar er tilgjengelege for alle i aktivitetskalenderen, medan lukka aktivitetar berre er synlege for dei som følgjer arrangøren.
    •    Synlege aktivitetar skal brukast når arrangøren legg ut aktivitetar og arrangement som er opne for alle og ikkje krev medlemskap.
    Døme: «Open trening».
    •    Lukka aktivitetar kan brukast til interne aktivitetar og arrangement som berre er for medlemmar. Lag, organisasjonar og foreiningar kan registrere slike aktivitetar i Friskus, men dei blir ikkje viste i den offentlege aktivitetskalenderen. Regelmessige aktivitetar som er ein del av den interne kjerneverksemda, kan leggjast på lukka arrangørsider i Friskus og nyttast til intern organisering.
  4. Kjerneverksemd, kommersielle, religiøse og politiske aktørar
    Kjerneverksemd innan kultur, idrett og andre aktivitetsbaserte tilbod blir rekna som ein naturleg del av aktivitetskalenderen og kan publiserast som synlege aktivitetar.
    Aktivitetar som er del av kjerneverksemd av kommersiell, religiøs eller politisk karakter, skal som hovudregel ikkje publiserast i den synlege aktivitetskalenderen. Følgjande unntak gjeld:
    •    Kommersielle aktørar kan leggje ut opne og publikumsretta aktivitetar, til dømes konsertar, quiz, julemarknader eller open dag. Produktreklame, kampanjar og reine salsfremjande innlegg skal ikkje publiserast.
    •    Kommersielle aktivitetsaktørar kan leggje ut aktivitetar som er gratis og opne for alle.
    •    Religiøse aktørar kan leggje ut opne aktivitetar som går utover den ordinære religiøse kjerneverksemda, til dømes konsertar, basarar og kulturarrangement. Informasjon om ordinær religiøs verksemd kan leggjast ut som lukka aktivitetar på arrangøren si eiga side i Friskus.
    •    Politiske organisasjonar kan leggje ut opne aktivitetar som ikkje er knytte til partipolitisk arbeid eller interne prosessar. Ordinær intern møteverksemd blir ikkje rekna som ein aktivitet i den offentlege aktivitetskalenderen. Informasjon om slik kjerneverksemd kan publiserast som lukka aktivitetar på arrangøren si eiga side i Friskus.
  5. Frivilligoppdrag
    Dersom ein søkjer etter frivillige gjennom Friskus, skal oppdraget beskrivast tydeleg, slik at den frivillige veit kva oppgåva inneber og kva som er forventa.
  6. Betalte aktivitetar
    Arrangement og aktivitetar treng ikkje vere gratis, men betaling skal ikkje skje gjennom Friskus.
    Dersom ein aktivitet krev påmelding og/eller betaling, bør arrangøren lenkje til si eiga nettside eller ei anna løysing for påmelding og betaling.
  7. Bilete, grafikk og video i Friskus
    Når de publiserer innhald i Friskus, er det de som arrangør som har ansvar for at innhaldet kan brukast og publiserast lovleg. 
    Bruk berre bilete, grafikk og video som de sjølve har laga, har fått løyve til å bruke, eller har kjøpt lisens til. 
    At eit bilete er funne på Google, ei nettside eller sosiale medium, betyr ikkje at det kan brukast fritt. 
    Sørg for nødvendige samtykke frå personar som er avbilda, når dette er påkravd. 
    Det same gjeld anna innhald de lastar opp, som tekst, illustrasjonar og video. 
    Kort sagt: De er sjølve ansvarlege for innhaldet de publiserer i Friskus.


Les meir om Friskus: Friskus Bygland - Få nyheiter frå kommunen rett i lomma

Friskus Bygland Friskus.com