Friskus Bygland - Få nyheiter frå kommunen rett i lomma

Bygland kommune har lansert Friskus Bygland – ein ny app som samlar kommunale nyheiter, aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag på éin stad. Målet er å gjere det enklare for innbyggjarane å halde seg oppdaterte, oppdage nye møteplassar og delta aktivt i lokalsamfunnet.

Bygland kommune tek eit nytt steg for å gjere det enklare å finne fram til informasjon og aktivitetar i nærmiljøet. Med den nye appen Friskus Bygland får innbyggjarane tilgang til kommunale nyheiter og viktig informasjon direkte på mobilen, samstundes som dei kan sjå kva som skjer rundt om i kommunen.

Gjennom den integrerte aktivitetskalenderen blir arrangement, aktivitetar og frivillige oppdrag samla på éin stad. Her kan du enkelt finne alt frå kulturarrangement og treningar til kurs, møteplassar og andre lokale tilbod.

– Vi ønskjer å gjere terskelen for å delta så låg som mogleg. Når informasjon om aktivitetar og tilbod er samla på éin stad, blir det enklare å oppdage kva som skjer og finne noko som passar for deg, seier Anne Fauske, dagleg leiar ved Bygland Frivilligsentral.

Eit verktøy for heile lokalsamfunnet

Friskus Bygland er ikkje berre til nytte for innbyggjarane. Lag, foreiningar, organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder kan òg bruke løysinga til å synleggjere aktivitetane sine. Arrangørar kan opprette ein gratis profil, publisere arrangement, handtere påmeldingar og kommunisere med deltakarar.

Målet er enkelt: At fleire skal få vite om dei gode aktivitetane som finst i Bygland, og få høve til å vere med.

Last ned appen i dag

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å laste ned Friskus Bygland og ta appen i bruk. Då får du ei enkel og samla oversikt over kva som skjer i kommunen, samtidig som du held deg oppdatert på nyheiter og informasjon frå kommunen.

Ønskjer du å leggje inn aktivitetar i kalenderen? Logg inn i appen og vel «Bli arrangør» for å opprette arrangørprofil og publisere aktivitetar.

Sjå plakaten med QR-kode for enkel nedlasting av appen. Skann koden med mobiltelefonen din, så er du raskt i gang.

Velkomen til Friskus Bygland – den nye digitale møteplassen for aktivitet, engasjement og fellesskap i Bygland kommune.

Les meir: Retningslinjer for Friskus aktivitetskalender i Bygland kommune

Friskus Bygland Friskus.com