Vil du vere med og halde vikinghistoria levande i sommar?
Bygland kommune søkjer frivillige som vil bidra til å halde vikingutstillinga på biblioteket open i sommar. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og formidle lokal historie til både fastbuande og tilreisande.
Er du interessert? Ta kontakt med Ann Cecilie Andersen.
Om vikingutstillinga i Bygland
Vikingutstillinga opna i 2024 i det nye biblioteket i Sentrumsbygget på Bygland. Her får du sjå spennande funn frå vikinggraver på Neset og Frøysnes, mellom anna originale gjenstandar som sverd, smykke og spinnehjul – mange av dei utlånt frå Kulturhistorisk museum i Oslo.
Frå Lislefarmen til biblioteket
Bygland kommune
Under Lislefarmen 2025 var vikingtida tema. Då samarbeidde Bygland husflidslag med Kulturhistorisk museum i Oslo og baud på fleire aktivitetar i årestoga ved Bygland museum.
Eit høgdepunkt var ein gamal vevstol frå yngre jernalder (ca. 550–1050 e.Kr.), som òg var i bruk i vikingtida. Joel Hermansen frå Vestfold museum og Kari Helland frå Kari Mathistoriske Tjeneste sette opp vevstolen og viste fram gammal vevkunst til dei besøkjande.
No kan du sjå vevstolen vidare i vikingutstillinga på biblioteket – når det er ope.