Bygland kommune ønskjer å leggje til rette for at innbyggjarane kan leve trygge, aktive og meiningsfulle liv – heile livet.
Denne tenestekatalogen gir ei samla oversikt over tilbod i kommunen. Du finn informasjon om kva tenestene inneber, kven dei er for, og om dei krev søknad eller er opne for alle. Målet er å gjere det enklare å finne fram til rett tilbod til rett tid.
Kommunen sine helse- og omsorgstenester skal bidra til førebygging, meistring og god livskvalitet. Tenestene blir ytt i tråd med gjeldande lovverk og individuelt behov.
Frivillig sektor er ein viktig del av tilbodet i Bygland. Lag, foreiningar og Frivilligsentralen bidreg med aktivitetar og møteplassar som skaper fellesskap og trivsel, og er eit viktig supplement til kommunale tenester.
Tenestekatalog for Bygland kommune (PDF, 695 kB)