Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Tursti Byglandsfjord

Bygland Kommune varslar i medhald av plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-3 og 12-8, igangsetting av planarbeid.

Bygland kommune varslar oppstart av planarbeidet i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8. 

Planområde Tursti på Byglandsfjord Bygland kommune

 

Formålet med planarbeidet 

Hovudføremålet med planen er å regulere ein tursti i både eksisterande og ny trasé langs Byglandsfjorden.

Planen omfattar også areal utanfor stien, som bryggjer, eksisterande anlegg m.m.

Dokumenta i saka

Trollvegg Arkitektstudio AS er blitt engasjert av Bygland kommune i forbindelse med detaljregulering for Tursti langs Byglandsfjord.for Tursti langs Byglandsfjord.

Sidan kommunen er forslagsstillar, er det ikkje krav om planinitiativ eller oppstartsmøte. For å synleggjere formålet med planen, og viktige omsyn, er det derfor utarbeida eit informasjonsbrev, som følgjer ved varsel om oppstart.

Slik kjem du med innspel

Fristen for å kome med innspel til oppstarten av planarbeidet er 14. desember 2026.

Send innspelet til:

Bygland kommune
E-post: post@bygland.kommune.no 

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte 

Matias Garfield, rådgjevar plan
e-post matias.garfield@bygland.kommune.no ; telefon 904 09 114.