Verdas største gangarring, del 2

Den 15. juni samlast alle elevar frå 5.–10. klasse frå Bykle, Valle og Bygland på Bygland Museum for å prøve å setje ny verdsrekord i gangardans. Arrangementet samlar ungdom til ei felles feiring av tradisjon, samhald og danseglede gjennom Gorrlaus-prosjektet.

Verdas største gangarring Gorrlaus prosjekt/Unesco Setesdal

Den 15. juni samlar alle elevane frå 5.-10.klasse frå Bykle, Valle og Bygland skule seg på Bygland Museum for å danse gangar og ha det gama! Dette er andre året vi samlast slik for å markere slutten av eit år med Gorrlaus-prosjektet i skulane. Gorrlaus er eit prosjekt for skulane i øvre Setesdal, der målet er å undervise, formidle og ikkje minst synleggjere dei tradisjonelle dansane og folkemusikken i Setesdal, som er på UNESCO si verdsarvliste. 

Å danse gangar er ei samlande og sosial oppleving, så i fjor ville vi prøve å samle alle elevane som har hatt same opplæringa til ei felles sommaravslutning. Vi kalla det «verdas største gangarring» og det var så gama at vi gjentar det i år. I år gler vi oss særleg til å ha med oss fire ungdomar frå Evje, Setesdal toradarlag, som skal spele opp til dans. Instruktørar er Vegar Vårdal og Maija Lindås. Dette blir sikkert ein minnerik dag!

I fjor var det kring 150 deltakarar i gangarringen. Så er spørsmålet, blir vi enno fleir i år?