Vassmålaravlesing desember 2026

1.desember startar årets avlesing av vassmålarane. Dei fleste får SMS og kan enkelt sende inn målarstanden direkte frå mobilen.

No nærmar det seg tid for å lese av vassmålaren.

Varsel vert sendt på SMS til mobiltelefonen din 1. desember. Nummeret ditt vert henta frå offentlege register. 

Slik gjer du

  1. Les av vassmålaren.
  2. Skriv inn målarstanden i svarmeldinga du har fått på SMS.
  3. Ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
  4. Send meldinga. Då er målarstanden registrert.

Har du skrive feil? Send inn ei ny melding med rett målarstand. Det er den siste avlesinga som blir brukt i avrekninga.

Dersom du ikkje får SMS

Mobilnummeret ditt blir henta frå offentlege register. Dersom du ikkje får SMS, får du eit avlesingskort i posten.

På kortet kan du oppgje mobilnummeret ditt dersom du ønskjer å få SMS ved neste avlesing.

Du kan òg melde inn målarstanden ved å fylle ut vassmålarskjemaet på nettsida til kommunen.