Vandreutstillinga ARV på Bygland bibliotek
Vandreutstillinga ARV kjem til Bygland bibliotek 29.09.-03.11.2026. ARV opna på Hovdegrend onsdag 24. juni kl. 12 under Landskappleiken på Hovden. Ordførar i Bykle kommune, Hans Blattmann, opna utstillinga, og folkemusikar Eivind Tanche-Larsen Knutsen bidrog med musikalsk innslag.
ARV handlar om dei norske innskrivingane på UNESCO si liste over levande kulturarv. Ho tar føre seg kva som er innskrive og korleis det forvaltast i Agder.
- Norsk og svensk seterkultur:
ARV viser korleis seterdrift har vore ein viktig del av norsk gardsdrift gjennom historia, med kunnskap om dyrestell, matproduksjon og tradisjonar knytte til livet i fjellet. Utstillinga viser også budeia si rolle, folketru og mattradisjonar som ysting og kinning av smør. - Nordiske klinkbåttradisjonar:
ARV presenterer den nordiske tradisjonen med å byggje båtar med klinkteknikk – ei handverkskunnskap som har røter langt tilbake i historia, og som blir overført gjennom praksis og lærlingordningar. - Bunadbruk i Noreg:
ARV viser bunaden som ein levande tradisjon knytt til identitet, tilhøyrsle og handverk. Utstillinga løftar fram korleis kunnskap om saum og materialar blir vidareført gjennom kurs, lærlingordningar og lokalt engasjement. - Folkemusikktradisjon i Setesdal:
ARV formidlar ein rik tradisjon med folkedans og folkemusikk. Speling, dansing og synging omhandlar folkemusikktradisjonen i Bykle, Valle og Bygland. Tradisjonenis blir haldne levande gjennom opplæring, festivalar og lokale miljø.
Eit gjennomgåande tema er korleis tradisjonell kunnskap blir teken vare på, brukt og vidareført i dag, mellom anna gjennom opplæring, frivillige organisasjonar og lokalt engasjement.
Vandreutstillinga ARV kjem til Bygland bibliotek 29.09 - 03.11.2026
Utstillinga er open for gjester i biblioteket sine opningstider:
| Måndag | 10:00 - 14:00 |
| Tysdag | |
| Onsdag | 10:00 - 16:30 |
| Torsdag | 09:00-12:30 og 14:30 - 17:30 |
Adresse: Bygland bibliotek, Sentrum 16, 4745 Bygland
Publisert 23.09.2026 15:35
Sist endra 23.09.2026 15:35