Vaksinasjonsprogram for vaksne: Vaksinering hausten 2026

Evje og Hornnes kommune og Bygland kommune følgjer styresmaktene sine råd for vaksinasjonsprogrammet for vaksne. Denne hausten kan du som er tilrådd å ta influensa-, korona- og/eller pneumokokkvaksine, få desse samtidig dersom du ønskjer det.

På grunn av produksjonsutfordringar hos enkelte vaksineprodusentar blir distribusjonen av sesonginfluensavaksinar i år forseinka. Dette er ei nasjonal utfordring som også råkar fleire andre land. Som følgje av dette blir årets influensavaksinering i Evje og Hornnes kommune gjennomført i veke 48. I Bygland kommune blir det ein vaksinasjonsdag i veke 47. 

Vaksinasjonsdag på Bygland: 

tysdag 17. november kl. 09:00-14:00 på kommunehuset (i kantina i 2. etasje)  
Kantina finner du i 2. etasje på Bygland kommunehuset. Rett ved siden av kommunestyresalen.

Les om kven blir tilrådd å ta vaksine, korleis du bestiller time og meir på Evje og Hornnes sine nettsider:

Vaksinasjonsprogram for vaksne: Vaksinering hausten 2026