TV-aksjonen 2026 18.10: Saman for menneske på flukt

Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Nærare 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange trunge hjelp til å skaffe seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar. TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettar.

Eit heim er meir enn fire vegger og eit tak

Å vere på flukt betyr å stå midt i ei djup krise. Livet slik ein kjenner det, blir snudd på hovudet. Menneske som blir tvinga til å flykte frå krig og konflikt, har ofte opplevd store tap; mange har mist familiemedlemmer, jobb, utdanning og det sosiale nettverket sitt. Ofte må dei forlate heimen sin med berre det dei klarer å bere, utan å vite om eller når dei kan vende tilbake.

Eit heim er meir enn fire vegger og eit tak. Det gjev tryggleik, vern og ein stad å høyre til. Når familiar får ein stad å bu, blir det òg lettare å finne arbeid og sende barna på skule. Slik kan kvardagen bli meir stabil, og grunnlaget for ei ny framtid kan byggjast.

Bøsseberarane er hjartet i TV-aksjonen

Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar søndag 18. oktober og samlar inn pengar til TV-aksjonen. Folk kan vippse til 2133 eller gje kontantar. Kvar bøsseberar samlar i snitt inn heile 2300 kroner.

Her kan du melde deg som bøssebærer 

 https://registrering.tvaksjonen.no/ta?bossebarer=true&Kilde=KK