Det har i haust vore mykje merksemd rundt spørsmålet om kommunane kan krevje betaling for tryggleiksalarm. Helsedirektoratet, KS Advokatane og Statsforvaltaren har gjort ulike vurderingar av regelverket. Det er derfor behov for fleire avklaringar før kommunane kan få ein langsiktig og mest mogleg lik praksis.
Bygland kommune har inntil vidare stansa innkrevjinga av betaling for tryggleiksalarm. Kommunen avventar òg eventuell tilbakebetaling av tidlegare innbetalte beløp til det ligg føre nærare avklaringar om korleis regelverket skal forståast og praktiserast. Det er samtidig bestemt at det ikkje skal krevjast betaling for tryggleiksalarmane som er i bruk no. For 2027 er betalinga førebels sett til 0 kroner.
Arbeidet med å avklare regelverket held fram. Saka blir følgd opp både regionalt i Agder og i dialog med Statsforvaltaren og fagmiljø innan kommunal saksbehandling. Målet er å få ei mest mogleg felles forståing av når tryggleiksalarm skal vere ei betalingsfri helse- og omsorgsteneste, og korleis kommunane skal gjere individuelle vurderingar.
Når avklaringane ligg føre, vil Bygland kommune gå gjennom eigne tildelingskriterium og informasjonen om tenesta. Innbyggjarane vil få ny informasjon dersom det blir endringar.