Den siste tida har mange opplevd lite nedbør og krevjande vekstforhold. Dersom tørken fører til vesentleg avlingssvikt, er det viktig å melde frå så tidleg som mogleg. Tilskot ved produksjonssvikt kan bli gitt ved avlingstap som skuldast klimatiske forhold, som til dømes tørke.
Dersom du ser teikn til at tørken kan føre til produksjonssvikt, skal du sende inn melding om mogleg skade via Altinn. Meldinga skal sendast så snart skaden har oppstått, eller det er grunn til å tru at det kan oppstå avlingstap. Dette er nødvendig for at kommunen skal kunne gjennomføre eventuell kontroll medan skaden framleis kan påvisast.
Melding om mogleg produksjonssvikt kan sendast her: https://info.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-ved-produksjonssvikt-melding/
Melding om skade er ikkje det same som søknad om tilskot. Dersom det seinare viser seg at avlingstapet er stort nok til å gi grunnlag for tilskot, må det sendast inn eigen søknad om tilskot ved produksjonssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober i skadeåret.
Det er viktig å dokumentere situasjonen fortløpande. Ta gjerne bilete av areala og noter utviklinga gjennom sesongen. God dokumentasjon kan vere viktig ved ein seinare søknad om tilskot.
Du finn meir informasjon om ordninga hos Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/tilskudd-ved-produksjonssvikt
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med jordbruksrådgiver i Bygland kommune, Tatiana Kozhina +47 90635715, tatiana.kozhina@bygland.kommune.no