Stor skogbrannfare – vis ekstra aktsemd

Meteorologisk institutt varslar no om stor skogbrannfare (oransje nivå) for delar av Agder. Dette betyr at det lokalt er stor fare for skogbrann fram til det kjem nedbør av betydning. Vis aktsemd, ikkje bruk open eld og følg råda frå lokale styresmakter.

Bålforbod Statsforvalteren i Agder

Brannvesena i Agder åtvarar mot høg fare for skog- og utmarksbrann som følgje av langvarig tørke og lite nedbør. Sjølv ein liten gnist kan vere nok til å utløyse ein brann som raskt kan spreie seg.

Statsforvaltaren i Agder oppmodar alle som ferdast i skog og utmark til å vise stor aktsemd og følgje råda frå brannvesenet:

  • Ikkje bruk open eld i eller nær skog og utmark.
  • Unngå bruk av bålpanner, eingongsgrillar og anna utstyr som kan skape varme eller gnistar. Dette gjeld òg på etablerte bål- og grillplassar i utmarksområde, som til dømes Hove i Arendal.
  • Ver ekstra forsiktig ved bruk av maskiner, verktøy og køyretøy i tørre område.
  • Kast aldri sigarettsneipar eller fyrstikker i naturen.
  • Meld frå med ein gong til naudnummer 110 dersom du ser røyk eller brann.

– Det generelle bålforbodet gjeld fram til 15. september. Med den tørre perioden vi er inne i no, er det viktig at alle tek ansvar og viser ekstra aktsemd for å redusere risikoen for brann, seier fungerande fylkesberedskapssjef Trine Krossbekk.

Brannvesenet minner om at dei fleste skog- og utmarksbrannane skuldast menneskeleg aktivitet, og at ni av ti brannar kan førebyggjast.

Din eld – ditt ansvar. Saman kan vi redusere risikoen for store brannar og verne liv, natur og verdiar.

Nyheiter frå Statsforvalteren 24.07.2026: Stor skogbrannfare