Høge buskar og store greiner kan gjere trafikkbiletet uoversiktleg og krevjande. Trafikantane mistar ikkje berre sikta, men kan òg gå glipp av viktig informasjon langs vegen. Dette kan skape svært trafikkfarlege situasjonar for både bilistar, syklistar og fotgjengarar.
Vi oppmodar difor alle til å klippe hekken i sommar, og på den måten bidra til å oppfylle lovkrava ved å sørgje for at alle som går, syklar eller køyrer kan ferdast trygt i trafikken.
Berre ein halv meter er tillate
Klipp hekken Trygg Trafikk
Statens vegvesen
Når du står tre meter inn i avkøyrsla di, skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekken eller gjerdet skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.
Dersom avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense på 50 km/t, må det vere fire meter fri sikt inn, og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla, ifølgje Statens vegvesen. Du finn òg meir informasjon om dette temaet i brosjyren som ligg på nettsidene til Statens vegvesen: Klipp hekker og busker - Statens Vegvesen
Ein trygg skuleveg kan vere enkelt
Trygg Trafikk ønskjer at flest mogleg skal kunne gå eller sykle til skulen der det er mogleg. Små barn blir lett usynlege bak store hekkar og buskar, og dei har heller ikkje dei same føresetnadene som vaksne til å tolke trafikkbiletet. Difor må vi alle leggje til rette for at dette kan skje på ein trygg og trafikksikker måte. Å klippe hekken er eit enkelt, men viktig tiltak.
Trygg Trafikk oppmodar difor alle til å ta ansvar og klippe hekkane sine, for ein tryggare skuleveg for barna våre og for alle som ferdast i trafikken.
Klipp hekken Trygg skuleveg
Statens vegvesen