
Kunstig intelligens (KI) har kome for å bli, på same måte som internettet gjorde for drygt 30 år sidan. I dag er nettet ein naturleg del av kvardagen for dei fleste av oss – noko me brukar utan å tenkje særleg over det. Men kva med KI? Kjenner me oss like komfortable med denne teknologien? Forstår me kva ho er, og kva ho kan gjere for oss? Og kor kritiske er me eigentleg i bruken av KI?
Dette er spørsmål som forskarar ved NTNU ønskjer å finne svar på. Gjennom fleire år har dei arbeidd med å undersøkje korleis kunstig intelligens blir oppfatta og brukt av ulike grupper i samfunnet. No rettar dei særleg merksemda mot ei gruppe som ofte blir mindre synleg i teknologidebatten: dei eldre.
Ved Fakultet for arkitektur og design gjennomfører NTNU ein ny studie om forholdet mellom eldre og kunstig intelligens. Studien byggjer vidare på tidlegare forsking, mellom anna spørjeundersøkinga «Eldres bruk av kunstig intelligens», der målet var å kartleggje korleis eldre tek i bruk teknologien, og kva utfordringar dei møter.
No følgjer forskarane opp med ei ny undersøking med tittelen «Eldres perspektiv på inkluderande KI». Her ser dei nærare på korleis kunstig intelligens kan utviklast og utformast slik at ho betre møter behova til eldre vaksne. Målet er å bidra til meir inkluderande teknologi, som fleire kan ha nytte av og kjenne seg trygge på å bruke.
Forskarane oppmodar difor eldre til å delta i spørjeundersøkinga. Ho kan ikkje berre gje verdifull innsikt til forskinga, men òg hjelpe deltakarane til å reflektere over eiga forståing av KI – kva ein faktisk veit, og kva ein kanskje er meir usikker på.
For å nå breiast mogleg ut, oppmodar NTNU også folk til å dele undersøkinga vidare i sine eigne nettverk. Som ein liten ekstra motivasjonsfaktor blir det dessutan trekt gåvekort frå Norli blant dei som deltek.
Dersom du ønskjer å bidra til forskinga, kan du ta del i undersøkinga her:
NTNU-spørjeundersøking «Eldres perspektiver på inkluderende KI»