Ser fram til omstilling og vårglede

Ordførar Runar Flåt Granheim er klar for endring. Klar for våren – og ikkje minst klar for omstillingsprosjektet i kommunen. -Det er rett og slett ein gåvepakke å vere ordførar og gå inn i ein slikt prosjekt, seier han.

Av Marion Solheim

Ordføraren gledar seg til vegen vidare i Bygland. Foto: privat Privat

-Eg ser meir og meir dei heilt unike moglegheitane vi har no. 

Vi har hatt ulike prosjekt før,  men no har vi verkeleg eit langsiktig prosjekt med solid støtte over statsbudsjettet. Med store støttespelarar i form av Innovasjon Norge og fylkeskommunen - og det er velprøvd, med mykje erfaringsgrunnlag. Samstundes får vi vere unike og vi får fokusere på samfunnsutviklinga i Bygland. Det er moro! Og veldig spennande. Det er jo ein slags thriller no i innkøyringsfasen. Får vi med oss byglendingane? Det håpar eg verkeleg.  

Ordføraren er veldig glad for å ha fått Gyro Heia som den nye moglegheitsutviklaren i Bygland.

-Altså, skuldrane senka seg når Gyro sa ja, humrar han.

-Ho kjenner jo oss, ho veit kven vi er. Det er jo slik at hadde det troppa opp nokon i skjorte, blazer og bakoversveis som snakka «konsulent» så hadde det ikkje vore like lett. Men Gyro kjenner vi jo. Vi er ferdige med den første mila allereie, berre fordi ho er med laget. Men det er sjølvsagt ikkje ho som skal gjere jobben aleine, det skal vi alle. Byglendingane, næringslivet, kommunen, dei unge, dei eldre, dei i nord og dei i sør. Det er vi i Bygland som eig prosjektet, og eg håpar folk her engasjerer seg.  

Omstillingsprosjektet skal gå i mange år framover. Mykje godt arbeid skal leggast ned, og mange krefter skal dra saman. 


-Eg håpar at Bygland kommune skal stå meir samla i enden av prosjektet, seier Runar.

-At vi veit kven vi er. At vi heiar på kvarandre og også tåler konstruktiv kritikk. Eg håpar at innbyggjarane i Bygland på slutten av dette prosjektet er trygge på at dei bur i ein god, bærekraftig kommune. Så ja, eg ser veldig fram til det som skal skje i Bygland framover!
 

Det er berre å ta sats i Bygland framover! Marion Solheim