TV-aksjonen i Bygland vart arrangert av Bygland Frivilligsentral i samarbeid med varaordføraren og frivillige.
I år vart Bygland kommune nummer 4 i Agder når det gjeld innsamla beløp per innbyggjar under TV-aksjonen søndag 18. oktober. Me samla inn heile 98,13 kroner per innbyggjar! Totalt samla me inn 43 576 kroner på bøssene. Vipps-gåver er også rekna med.
Det totale innsamla beløpet syner så langt at me har samla inn 114 518 kroner. Bygland kommune bidrog med 20 000 kroner. Skulane bidrog med heile 24 602 kroner. Bygland skule samla inn 20 000 kroner gjennom skuleløp, medan Byglandsfjord skule samla inn heile 4 080 kroner gjennom lommelyktrebus.
I Bygland er me heldige som har mange flotte bøsseberarar som seier ja til å gå med bøsse år etter år. Samstundes har me også fått nokre nye med på laget. Totalt hadde me 22 bøsseberarar i aksjon denne søndagen.
Tusen takk til dykk som nytta ein verdifull del av tida dykkar på å støtte ei god sak!
Ikkje minst vil me takke alle dykk som tok så godt imot bøsseberarane. Utan den gode mottakinga hadde me heller ikkje fått eit så flott resultat.