Kurs for pårørande til personar med demens eller minneproblem
📅 Tysdag 6., 13., 20. og 27. oktober 2026
⏰ Kl. 18.00-21.00
Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær venn som har minneproblem/ eller ein kjend demenssjukdom.
Kva inneheld kurset?
1.samling, 6 okt.:
Dei ulike demenssjukdommane v/ Hallvard Mosdøl Utfordrende åtferd v/Bjørn Harald Hagen
2.samling, 13 okt.:
Kommunikasjon og samhandling v/ Monica Reiersølmoen Vigre
Bruk av musikk i demensomsorga. Aktivitetar me kan gjera saman v/Katrine Homdrum
3.samling, 20 okt.:
Praktiske utfordringar i kvardagen -Tekniske hjelpemiddel v/ Elisabeth Storsveen Brannsikkerhet for utsette gruppe - kva me som pårørande bør ha fokus på og kan hjelpa med Setesdal brannvesen IKS v/Fredrik Langfeldt
4.samling, 27 okt.:
Tilbod i kommunen. Korleis søkja om hjelp? v/Britt Enny Haugland
Ein pårørande forteljar v/Siren Bakke Winjor
Praktiske opplysningar
Fysisk oppmøte i Bykle helsesenter, eller i LMT Evje lokala sine i Sentrumsbygget
Siste påmeldingsfrist: 2. oktober
Påmelding
Namn: Signe Telhaug – Koordinator i Hukommelsesteamet 📞945 20 970
E-post: signe.telhaug@e-h.kommune.no
Pårørendeskulen er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane i Bykle, Valle, Bygland, Evje & Hornnes og Åseral