Opplæring i Friskus for lag og foreiningar

Bygland kommune inviterer lag og foreiningar til praktisk opplæring i aktivitetsportalen Friskus. Kurset skal gjere det enklare å synleggjere aktivitetar, nå ut til fleire innbyggjarar og styrkje det lokale organisasjonslivet.

Tysdag 22. september 2026 inviterer Bygland kommune til opplæring i Friskus på Bygland Kulturscene. Friskus er ein aktivitetsportal som gjer det enkelt for lag og foreiningar å presentere aktivitetar og arrangement, samstundes som innbyggjarane får betre oversikt over det som skjer i lokalsamfunnet.

På kurset får deltakarane lære korleis dei kan opprette og bruke konto i Friskus, leggje ut aktivitetar og arrangement, samt nytte påmeldingssystemet når det er behov for det. Målet er at deltakarane skal kunne ta verktøyet i bruk med ein gong etter opplæringa.

Friskus kan bidra til å gjere aktivitetstilbod meir synlege, hjelpe lag og foreiningar med å nå fleire deltakarar og skape eit meir inkluderande og aktivt lokalsamfunn.

Kurset varer frå klokka 18.00 til 20.00. Det blir servert pizza, kaffi og brus, og deltakarane kan gjerne ta middagen på kulturscena denne kvelden.

Tid: Tysdag 22. september 2026 kl. 18.00-20.00
Stad: Bygland Kulturscene
Arrangør: Bygland kommune

Vel møtt til ei lærerik og praktisk innføring i Friskus!

Opplæring i Friskus 22.09. Bygland frivilligsentral