Open vikingutstilling i Bygland - sommar 2026Bli med på ei reise tilbake til vikingtida! I sommar held vikingutstillinga på Bygland bibliotek ope, der du kan oppleve unike funn frå lokale vikinggraver. Utstillinga byggjer òg opp forventningane fram mot Lislefarm 2026, der vikinghandverk, vikingsmat og avdukinga av Langeidsverdet står på programmet.Vikingutstillinga på Bygland Bygland kommune I veke 28-32 er vikingutstillinga i gamle bankhvelvet på Bygland bibliotek open torsdag og fredag frå kl 11.00-14.00.Takk til dei friviljuge som formidler lokal historie til både fastbuande og tilreisandeholder og holder utstillinga open denne sommaren!Om vikingutstillinga i ByglandVikingutstillinga opna i 2024 i det nye biblioteket i Sentrumsbygget på Bygland (Sentrum 16, 4745 Bygland). Her får du sjå spennande funn frå vikinggraver på Neset og Frøysnes, mellom anna originale gjenstandar som sverd, smykke og spinnehjul – mange av dei utlånt frå Kulturhistorisk museum i Oslo. Du få òg sjå ein gamal vevstol frå yngre jernalderen (fra 550 evt. til cirka 1050 evt) som blei brukt heilt fram til vikingalderenLislefarm 2026Laurdag 29. august skipar Bygland Husflidslag på nytt til Lislefarm med temaet vikingtid.Her får me oppleve vikinghandverk og vikingsmat, kanskje litt kamp – og avduking av Langeidsverdet! Publisert 30.06.2026 15:52 Sist endra 30.06.2026 15:52