Nytt tilbod i Bygland: Gratis skyss heim frå ungdomsklubben

No blir det enklare for ungdom frå Byglandsfjord og området rundt å delta på ungdomsklubben i Bygland. Kvar onsdag køyrer frivillige BUA-bilen frå ungdomsklubben til Byglandsfjord, og tilbodet er heilt gratis.

BUA-bilen køyrer frå Bygland kl. 21.00 og stoppar i sentrum av Byglandsfjord. Dersom ungdommane treng transport vidare heim, til dømes til Senum, køyrer dei frivillige dei heilt heim.

Skyssen følgjer opningstidene til ungdomsklubben. Det blir derfor ikkje køyring i skuleferiane når klubben er stengd.

Aldersinndeling og tidsrom for Ungdomsklubben
Dag og tidAldersgruppe
Måndagar kl. 16.30 - 19.305. - 7. klasse
Onsdagar kl. 18:00 - 21:008. klasse - 3. VGS

 

I første omgang prøver vi tilbodet utan påmelding. Det betyr at ungdommane berre kan møte opp og bli med på turen.

Målet med tilbodet er å gjere det enklare for fleire ungdommar å delta på ungdomsklubben.

Vi håpar mange vil nytte seg av tilbodet!

Transport Ungdomsklubb Bygland frivilligsentral