Midt-Agder Friluftsråd arrangerer på nytt friluftskule på Bygland i veke 33, måndag 10. - onsdag 12. august.
Friluftsskulen er eit gratis tilbod til alle som går i 5-7 klasse. Det er 15 plassar på kvar Friluftsskule og det finnes ledige plassar i Bygland!
Friluftsskulen skal vera eit positivt og lystprega ferietilbod i nærmiljøet og skal leggja grunnlag for varige friluftssvaner. På friluftsskulen kan du vere med på spennande friluftsaktivitetar samtidig som du lærer litt om:
- Allemannsretten og ferdselskultur
- Kartforståelse på tur
- Raste- og leirplass
- Grunnleggjande førstehjelp
Friluftsskulen blir arrangert på dagtid (kl. 09-15) frå måndag til onsdag. I tillegg til dei tidlegare nemnde tema blir det tid til mange morosame aktivitetar utifrå lokale forhold, som t.d.:
- Mat på bål/stormkjøkken
- Frisbeegolf
- Vannaktivitet
- Leik
For påmelding og meir informasjon:
Friluftsskolen 2026