"Leik for livet" - foredrag for deg med barn i Bygland kommune

Måndag 16. november på Bygland kulturscene. Klokka 17.30 - 18.30

“Leik for livet - Korleis leik kan stimulere til livslyst og utvikling?”, foredrag med Charlotte Lunde.

«Charlotte Lunde er lege, journalist og tidlegare programleiar på NRK barne-tv, og held foredrag over heile landet. Ho arbeider til vanleg som barne- og ungdomspsykiater og er opptatt av mental helse hos barn og unge. Saman med nevroforskar Per Brodal har ho gitt ut boka «Lek og læring i et nevroperspektiv» som handlar om leikens betydning for helse og utvikling. Eit foredrag med Charlotte Lunde gir deg innsikt i korleis merksemda vår er ein avgrensa ressurs og korleis vi kan bruke den betre. Kvifor leik er naudsynt for læring – og korleis du kan implementere meir leik i kvardagen."

Charlotte Lunde Ellen Lorenzen / Universitetsforlaget