Langeidsverdet har fått heidersplassen i Bygland

Bygland feira eit nytt kapittel i den lokale vikinghistoria då kopien av Langeidsverdet vart avduka i sentrum fredag.

Fredag 11. september vart kopien av Langeidsverdet avduka under ein høgtideleg seremoni i rundkøyringa på Bygland. Mange innbyggjarar møtte fram for å markere dagen, og elevar frå både Bygland skule og KVS Bygland bidrog til å skape ei flott og verdig ramme rundt arrangementet.

Statens vegvesen var til stades og tok vare på ei trygg gjennomføring av markeringa. Ordførar Runar Granheim ønskte velkomen og uttrykte stor takksemd til alle som har vore med på å realisere prosjektet. Han framheva kor viktig det er å løfte fram den rike kulturhistoria i kommunen, og peikte på at monumentet vil vere eit synleg symbol på Bygland si unike vikingarv.

Ei særskild takk vart retta til tidlegare ordførar i Bygland Sigbjørn Fossdal, og til tidlegare norsk diplomat og ambassadør Torbjørn Frøysnes for det store engasjementet og innsatsen som har vore avgjerande for at skulpturen no står ferdig i sentrum av bygda.

Fylkesordførar Arne Thomassen, Bygland ordførar Runar Granheim og Ass. Dir. ved Kulturhistorisk Museum Karl Kallhovd. Bygland kommune

Fylkesordførar Arne Thomassen helsa frå Agder fylkeskommune og understreka at kulturarv ikkje berre handlar om fortida, men også er ein viktig ressurs for framtidig verdiskaping og utvikling. Karl Kallhovd, assisterande direktør ved Kulturhistorisk museum i Oslo, takka for det gode samarbeidet mellom museet, Bygland kommune og dei andre aktørane som har vore involverte i arbeidet. Han sette Langeidsverdet inn i den historiske overgangen mellom norrøn og kristen tid, og gav eit innblikk i kva forteljingar dette heilt spesielle sverdet kan bere med seg frå vikingtida.

Monumentet er basert på det originale Langeidsverdet som vart funne under arkeologiske utgravingar på Langeid i Bygland i 2011. Skulpturen er designa av Bjarte Aarseth ved Kulturhistorisk museum i Oslo, medan sjølve smedarbeidet er utført av kunstsmedane Håkon Busk og Brage Planke frå Smed, kunst og design AS.

Avdukinga markerer eit nytt kapittel i arbeidet med å synleggjere og formidle den sterke vikinghistoria i Bygland. Med Langeidsverdet på plass som nytt landemerke står bygda endå sterkare rusta til å utvikle profilen sin som «vikingbygda» i Setesdal.