Langeidsverdet får nytt liv: Frå arkeologisk sensasjonsfunn til nasjonalt kulturminne på Bygdøy og Bygland.

Eit av dei mest spektakulære arkeologiske funna frå vikingtida i Noreg får no eit nytt uttrykk i landskapet på Bygland. Fredag 29. august vert den fem meter høge skulpturen av Langeidsverdet avduka i rundkøyringa ved Bygland kyrkje, som eit synleg symbol på samarbeidet mellom lokale og nasjonale kulturarvsaktørar. 

Langeidsverdet har komet tilbake til Bygland Bygland kommune

Langeidsverdet vart funne under arkeologiske utgravingar ved Langeid i Setesdal i 2011. Sverdet er rikt utsmykka med edle metall og kristne symbol, og vert rekna som eit av dei mest oppsiktsvekkjande våpenfunna frå overgangen mellom heidensk og kristen tid i Norden. Funnet har gitt ny kunnskap om vikingtida og om Setesdal si rolle i denne historia. 

Gjennom dei siste åra har Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo arbeidd aktivt med forsking, dokumentasjon og formidling knytt til Langeidsverdet. Skulpturen på Bygland er eit resultat av dette arbeidet og av samarbeidsavtalen mellom museet og Bygland kommune om å formidle den unike kulturarven som funnet representerer.

Skulpturen er smidd av kunstnarane Brage Planke og Håkon Busk, etter design av Bjarte Aarseth frå Kulturhistorisk museum. Karl Kallhovd og Ingvild Solberg Andreassen frå Kulturhistorisk museum har vore sentrale bidragsytarar gjennom prosjektet, som har som mål å gjere historia frå Langeid tilgjengeleg for eit breitt publikum.

Lislefarmen 2026 og avduking av Langeidsverdet Bygland Husflidslag

Den originale gjenstanden får samstundes ei sentral rolle i framtidas museumsformidling. Langeidsverdet skal stillast ut i det nye Vikingskipshuset på Bygdøy, der det vert ein del av ei av dei viktigaste kulturhistoriske utstillingane i landet. Her vil hundretusenvis av besøkjande kvart år få høve til å oppleve sverdet og historia frå Langeid. Denne plasseringa knyter Bygland og Setesdal tett til den nasjonale forteljinga om vikingtida og Noregs kulturarv.

Avdukinga på Bygland markerer difor meir enn etableringa av eit nytt landemerke. Ho markerer korleis eit lokalt gravfunn har vorte del av ein nasjonal kulturarv, gjennom forsking, bevaring og formidling i samarbeid mellom museum, fagmiljø og lokalsamfunn. 

Arrangementet skjer i samband med Lislefarmen på Bygland museumstun, der årets tema er «Viking». Bygland kommune inviterer alle interesserte til å vere med på avdukinga ved rundkøyringa på Bygland (berre 400 meter unna museumstunet) klokka 12.30. Publikum får høve til å høyre meir om forskinga på Langeidsverdet, arbeidet med skulpturen og korleis kulturarven frå Setesdal vert formidla til nye generasjonar.