Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for 2027 og handlings- og økonomiplan for perioden 2027–2030

Kommunedirektøren legg no fram forslag til budsjett for 2027 og handlings- og økonomiplan for perioden 2027–2030.

Bygland kommune har mange gode føresetnader for å utvikle seg vidare. Vi har dyktige medarbeidarar, eit aktivt lokalsamfunn og viktige naturressursar som gir oss inntekter mange andre kommunar ikkje har. Samstundes står vi overfor utfordringar som krev at vi tenkjer nytt om korleis vi brukar ressursane våre, organiserer tenestene og legg til rette for utvikling.

Bygland har over tid hatt eit høgt kostnadsnivå samanlikna med andre kommunar. Dette gjeld særleg innan delar av oppvekst og helse og omsorg. Samstundes er ein stor del av inntektene våre knytte til kraft, og desse kan variere mykje frå år til år. Vi har også erfart korleis endringar i statlege ordningar kan få store økonomiske konsekvensar.

Budsjettforslaget for 2027 viser eit positivt netto driftsresultat, men resultatet ligg under det økonomiske måltalet kommunen har sett seg. Utover i økonomiplanperioden blir marginane små. Vi kan derfor ikkje basere framtidig drift på at kraftinntektene skal halde fram på dagens nivå.

Det er mykje vi ønskjer å få til i Bygland, men vi kan ikkje gjere alt på ein gong. Skal vi lykkast, må det vere samsvar mellom ambisjonane våre og ressursane vi har til rådvelde. Det krev prioriteringar, både politisk og administrativt.

Vi skal ta vare på dei gode tenestene vi har i dag, men vi må også vere villige til å endre oss for å sikre gode tenester i framtida.

Nedanfor følgjer nokre av hovudpunkta i budsjettforslaget for 2027 og handlings- og økonomiplanen for 2027–2030.

Les heile budsjettframlegget og handlings- og økonomiplanen her.
 

Positive driftsresultat – men små marginar og usikre kraftinntekter

Kommunen har positive netto driftsresultat i heile økonomiplanperioden 2027–2030. Netto driftsresultat er budsjettert til 0,7 % av brutto driftsinntekter i 2027, 2,1 % i 2028, 0,4 % i 2029 og tilnærma 0 i 2030. Med unntak av 2028 ligg dette under kommunen sitt måltal på 1,75 %.

Utviklinga viser at kommunen framleis har eit økonomisk handlingsrom, men at dette er sårbart. Den viktigaste årsaka er utviklinga i kraftinntektene. Utbyttet frå Å Energi er budsjettert til om lag 13,6 mill. i 2027 og 2028, før det blir redusert til om lag 9,9 mill. i 2029 og 10,3 mill. i 2030. Konsesjonskraftinntektene ligg på om lag 24,3 mill. i 2027–2029, før dei blir redusert til om lag 22,8 mill. i 2030.

Kommunen har framleis eit relativt høgt kostnadsnivå. Kommunebarometeret 2026 plasserer kommunen på 325. plass når det gjeld samla kostnadsnivå. For pleie og omsorg er plasseringa 313. plass, medan kommunen ligg på delt 1. plass når det gjeld lågt kostnadsnivå innan helse. Det manglar plassering for grunnskule i årets Kommunebarometer, men i 2025 var kommunen på 338. plass.

Det økonomiske hovudbiletet er derfor at kommunen framleis har gode inntekter og eit solid disposisjonsfond, men at driftsnivået må reduserast for å gi ein meir berekraftig økonomi over tid.

Store rammekutt i heile perioden 2027–2030

Det er lagt inn store rammekutt både i Oppvekst og kultur og Helse og omsorg. Oppvekst og kultur har eit rammekutt på 2,5 mill. i 2027, medan Helse og omsorg har eit kutt på 1,5 mill. I 2028 er det lagt inn ytterlegare kutt på 1 mill. på kvart område, og i 2029 og 2030 ytterlegare 0,5 mill. på kvart område.

Rammekutt i perioden 2027-2030
Rammekutt i mill. kr2027202820292030
Oppvekst og kultur2,51,00,50,5
Helse og Omsorg1,51,00,50,5

 

Oppvekstsektoren hadde ei svært stor auke i budsjettet frå 2024 til 2025, heile 23 % når kostnadsveksten var rundt 4 %. Det har blitt redusert årsverk sidan dette, men sektoren har framleis eit høgt kostnadsnivå.

Helse- og omsorgssektoren har også eit høgt kostnadsnivå, spesielt innanfor pleie og omsorg. Samstundes viser tala at helsedelen av sektoren har eit lågt kostnadsnivå samanlikna med andre kommunar.

Ein del av rammekutta frå 2028 er basert på reduserte energiutgifter etter investering i grunnvarme på Bygland skule og Byglandsheimen, som ikkje er inkludert i tala i tabellen ovanfor. Dersom desse investeringane ikkje blir vedtekne, må rammekutta på dei aktuelle områda aukast tilsvarande den budsjetterte innsparinga i straumutgifter, som er nesten 1,3 mill. årleg frå og med 2028.

Større prioritering av Samfunn og investeringar som kan redusere driftsutgiftene

Samtidig som det blir lagt inn rammekutt innan Oppvekst og kultur og Helse og omsorg, blir området Samfunn prioritert sterkare. Det er mellom anna sett av meir ressursar til planarbeid, kommunale vegar, eigedomsforvaltning og teknisk infrastruktur.

Det er foreslått å investere 5 mill. i grunnvarme på Bygland skule og 5 mill. på Byglandsheimen. Med konservative berekningar kan desse investeringane samla redusere dei årlege energiutgiftene med nesten 1,3 mill. kroner. Det er også lagt inn investeringar mellom anna i vatn og avløp, kommunale bruer, Haugetveitvegen, turveg på Byglandsfjord og kartlegging av bygningsmassen innan helse og omsorg.

Kommunen sitt disposisjonsfond ligg klart over det vedtekne måltalet på minimum 15 % av driftsinntektene. Samstundes aukar netto lånegjeld frå 68,0 % av driftsinntektene i 2027 til 75,9 % i 2030, marginalt over kommunen sitt måltal på maksimalt 75 %.

For å dempe behovet for nye lån blir derfor delar av overskotet i drifta overført til finansiering av investeringar, i staden for å byggje disposisjonsfondet ytterlegare opp. Dette reduserer framtidige rente- og avdragsutgifter samanlikna med om heile investeringsbehovet skulle vore lånefinansiert.

Omstilling og utvikling må gå hand i hand

Bygland skal vere ein god kommune å bu og leve i. Gode kommunale tenester, eit aktivt kultur- og fritidsliv, frivillig engasjement og attraktive bustad- og næringsområde er viktige delar av dette. Vi må ta vare på dei kvalitetane vi har, samtidig som vi legg til rette for nye moglegheiter.

Kommunen må dei neste åra få kontroll på kostnadsutviklinga, gjennomføre dei organisatoriske endringane som er sette i gang, og samtidig prioritere arbeidet som legg grunnlag for vekst og utvikling.

Budsjettforslaget kombinerer derfor krav om omstilling og lågare driftskostnader med investeringar og prioriteringar som skal gjere kommunen betre rusta for framtida.