Julegåvetreet - kan du oppfylle eit ønske?

Jul skal handle om glede, ikkje uro for om ein har råd til gåver. Julegåvetreet koplar saman familiar som treng litt hjelp, og innbyggjarar som ønskjer å gjere ein konkret forskjell for eit barn eller ein ungdom til jul.

Har du eit julegåveønske?

  • Tilbodet gjeld barn og unge frå 0 til 18 år i Evje og Hornnes, og Bygland.
  • Du kan melde inn ønske dersom familien har låg inntekt, eller av andre grunnar treng hjelp til julegåver.
  • Ønsket må koste maksimalt 500 kroner. Du kan gjerne skrive fleire alternativ.
  • Ønsket blir anonymisert. På lappen står berre alder, ønske og eit ID-nummer. Berre kontaktpersonen kjenner namnet på mottakaren.
  • Ta kontakt med Bygland Frivilligsentral på telefon 945 10 770. Du kan òg leggje ein ønskelapp i postkassa utanfor Frivilligsentralen. Du kan og vidareformidle ønkser til offentlege etatar som Nav eller flytkningtenestar.

Det kan dessverre skje at eit ønske ikkje blir oppfylt, men me gjer vårt beste for at flest mogleg skal få ei gåve.

Vil du kjøpe ei julegåve?

  • Finn Julegåvetreet på Joker Bygland eller Unik Evje.
  • Vel ein lapp med eit ønske du har lyst til å oppfylle.
  • Kjøp gåva. Maksprisen er 500 kroner.
  • Lever gåva utan innpakking, saman med ønskelappen, ved treet innan 17. desember.
  • Legg gjerne ved bytelapp, gåvepapir, band og ein til-og-frå-lapp.

 

Ei lita handling for deg kan bli ei stor juleglede for eit barn. Tusen takk for at du bidreg.
 

Spørsmål eller innmelding av ønske: Bygland Frivilligsentral, tlf. 945 10 770