Målet med prosjektet er å styrkje den naturlege rekrutteringa av ferskvannslaksen bleke. Tiltaksplanen (sjå link) er utarbeidd av NORCE LFI (Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske). Tiltaka skal restaurere og forbetre gyte- og oppvekstområde for bleke.
Bleke
Norce
Som ein del av arbeidet vil det bli lagt ut om lag 300 tonn gytegrus i Vassenden. Arbeidet skal utførast ved hjelp av helikopter i veke 38, frå måndag 14. september til onsdag 16. september.
I samband med arbeidet må innbyggjarar, hytteigarar og andre som oppheld seg i området rekne med periodar med auka helikoptertrafikk og støy. Arbeidet er veravhengig, og mindre endringar i tidsplanen kan difor oppstå.
Vi beklagar ulempene dette kan medføre og takkar for forståinga. Tiltaket er viktig for å styrkje livsvilkåra til bleke og sikre auka naturleg reproduksjon i vassdraget.
Tiltaksplan for bleka i Byglandsfjorden (2026-2030): Gyte- og oppvekstområder ved Vassenden (PDF, 13 MB)