Skal de søke om spelemidlar for 2027?
Fristen for lag og foreiningar som skal søke spelemidlar til etablering av nye frilufts-, idretts- og nærmiljøanlegg er 1. oktober. Det betyr at om laget ditt planlegg eit anlegg i 2027, og søknaden er innafor vilkåra for spelemidlar, må søknaden vere inne innan 1. oktober i 2026.
Kva kan de søke om spelemidlar til?
De kan søke om støtte til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og friluftsliv,nærmiljøanlegg og fast inventar til disse.
For nærmiljøanlegg er tilskuddssatsen inntil 50% av godkjent kostnadsoverslag, for andre anlegg er tilskuddssatsen inntil 33%. For alle typer anlegg er det ein maksimal grense for tilskuddets storleik.
Eit prosjekt må vere 100% finansiert, inklusiv spelemidlar, før du søker.
For meir informasjon: Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping (anleggsforskriften) - Lovdata