Informasjon om biblioteket

På grunn av at vi skal flytte biblioteket på Bygland, må vi stenge det ein periode frå no og fram til opning av nytt bibliotek. Vi håper å opne nytt bibliotek i slutten av mai

Det er leitt å måtte stenge, men forhåpentlegvis blir det eit betre bibliotek på Bygland i neste omgang!

Biblioteket på Byglandsfjord blir “hovudbiblioteket” i denne perioden. Vi hadde håp om å utvide opningstidene på Byglandsfjord i denne tida, men av ulike årsaker får vi ikkje det til.

Det vil vere ein person til stades på Byglandsfjord måndagar og onsdagar i tida frå kl. 17:00 til kl. 19:00. Det startar vi med frå og med onsdag 10. april. Denne opningstida gjeld ut april, med unnatak av veke 16. 

I veke 16 er biblioteket ope måndag 15. og torsdag 18. april kl. 17:00 - 19:00.

Vi vil kome med meir informasjon etter kvart.