Informasjon frå Bygland kommune i forbindelse med Kong Haralds bortgang

Bygland kommune har med stor sorg motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Kommunen uttrykkjer si djupaste medkjensle med Kongefamilien og informerer om korleis innbyggjarane kan markere kongens bortgang og ta del i den nasjonale sørgjeperioden.

Kong Harald (89) døydde på Rikshospitalet 28. august 2026.  - Klikk for stort bileteKong Harald (89) døydde på Rikshospitalet 28. august 2026. Kimm Saatvedt/Det kongelige hoff

Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Kongen er død.

Bygland kommune sender våre djupaste kondolansar til Kongefamilien og alle som stod Kongen nær. Tankane våre går til familien i ei tung tid.

Kongen har gjennom sitt lange virke vore eit samlande symbol for landet vårt og har stått støtt i både gode og krevjande tider. Vi lyser fred over hans minne.

 

 

Kondolanseprotokoll

Bygland kommune legg ut kondolanseprotokoll i kommunehuset for dei som ønskjer å uttrykkje si medkjensle og skrive ei siste helsing.

Kondolanseprotokoll i forbindelse med Kong Haralds bortgang Bygland kommune

Kommunehuset:

•    Fredag 28. august kl. 12.00–15.00
•    Laurdag 29. august kl. 12.00–15.00
•    Sundag 30. august kl. 12.00–15.00
•    Komande veke i kommunehuset si ordinære opningstid, kl. 09.00–15.30

Kondolanseprotokollen flyttast opp på Byglandsheimen og vere tilgjengeleg for bebuarane der laurdag 29. og sundag 30. august:

•    kl. 09.00–11.00
•    kl. 15.30–18.00

Det vil bli flagga på halv stong ved alle kommunale bygg i Bygland kommune fredag 28. august og dagen for gravferd. I sørgeperioden elles blir det flagga på halv stang ved kommunehuset.

Bygland kyrkje held opent i dag, fredag 28. august, kl. 10.00-20.00.

Arrangement i sørgeperioden

Bygland kommune tilrår at offentlege arrangement i den nasjonale sørgeperioden blir avlyste eller tilpassa situasjonen og den ramma som no er sett for landet.
Arrangement og ordinære tilbod retta mot barn og unge blir tilrådde gjennomførte som normalt.

Dersom arrangørar eller andre har behov for råd eller avklaringar knytte til arrangement i sørgeperioden, kan Bygland kommune kontaktast ved kommunedirektør Simon Ellingsberg på telefon 975 70 196.