Avdukinga var opphavleg planlagd under Lislefarmen-arrangementet laurdag 29. august, men måtte utsetjast som følgje av landssorga etter bortgangen til Kong Harald. No ligg alt til rette for ei verdig markering av eit kulturminne som har sett Bygland på det arkeologiske verdskartet.
Sjølve avdukinga vert gjennomført av fylkesordførar Arne Thomassen, assisterande museumsdirektør Karl Kallhovd og ordføraren i Bygland.
I samband med markeringa vil det også vere ope i vikingutstillinga på biblioteket, der besøkande kan sjå unike gjenstandar frå vikingtida og få innblikk i den rike historia frå Langeid og Setesdal.
Eit funn som vakte internasjonal merksemd
Langeidsverdet vart funne under arkeologiske utgravingar på Langeid sommaren 2011 i samband med utbetringa av riksveg 9. Arkeologane avdekte då eit omfattande gravfelt frå slutten av vikingtida med rundt 20 graver. I ei av gravene låg eit sverd som skulle vise seg å vere heilt utan sidestykke.
Sverdet vart funne saman med ei stor stridsøks i ei grav som truleg har tilhøyrt ein person med høg status. Grava var større enn dei andre i gravfeltet og hadde spor etter eit overbygg, noko som understrekar kor viktig personen må ha vore.
Eit av dei mest unike vikingsverda i Noreg
Forskarar ved Kulturhistorisk museum har omtala Langeidsverdet som eitt av dei mest eksklusive vikingsverda som nokon gong er funne i Noreg. Sverdet er om lag 91 centimeter langt og er uvanleg godt bevart. Hjaltet er rikt dekorert med innleggingar av gull, sølv og kopar, noko som er svært sjeldan blant vikingsverd.
Av dei fleire tusen vikingsverda som er kjende frå norske gravfunn, er det berre eit fåtal som har slik utsmykking, og nesten ingen har dekorasjonar og innskrifter som dei som finst på Langeidsverdet.