(Delt frå Evje og Hornnes si heimeside.)
Harepest er ein bakteriesjukdom som førekjem hos ville dyr, særleg harar og smågnagarar. Sjukdomen smittar ikkje direkte mellom menneske. Det er ikkje uvanleg med tilfelle på seinsommaren og hausten, men med jaktsesongen i gang oppmodar vi jegerar og andre som ferdast i skog og mark til å ta nokre enkle forholdsreglar.
Korleis kan ein bli smitta?
Smitte kan mellom anna skje gjennom:
- Forureina vatn frå bekkar, innsjøar eller private brønnar.
- Kontakt med sjuke eller døde harar og smågnagarar.
- Innanding av støv som inneheld urin eller avføring frå smågnagarar.
- Myggstikk eller flåttbitt.
- Kontakt med hund eller katt som nyleg har vore i kontakt med smitta dyr.
Råd for å redusere risikoen
- Ikkje drikk vatn direkte frå naturen utan at det er kokt eller desinfisert.
- Kontroller private brønnar jamleg og sørg for at dei er sikra mot smådyr og overflatevatn.
- Unngå kontakt med sjuke eller døde harar og smågnagarar. Bruk hanskar dersom dyr må handterast, og vask hendene godt etterpå.
- Fukt musemøkk før reingjering. Unngå å feie eller støvsuge tørt materiale.
- Bruk myggmiddel og klede som dekkjer huda når det er mykje mygg.
- Undersøk huda for flått etter ferdsel i skog og mark, og fjern eventuell flått så raskt som mogleg.
- Unngå at hundar og katter sleikjer deg dersom dei nyleg har bite i eller vore i kontakt med sjuke eller døde dyr.
Symptom
Vanlege symptom er feber, hovudverk, frysningar, trøyttleik, hovne lymfeknutar og sår som ikkje gror. Symptoma kjem vanlegvis innan 3 til 5 dagar etter smitte, men det kan ta opptil tre veker før sjukdomen viser seg.
Når bør du kontakte lege?
Kontakt fastlege eller legevakt dersom du får symptom som kan vere foreinlege med harepest, særleg dersom du nyleg har drukke vatn frå naturen eller ein privat brønn, vore i kontakt med smågnagarar eller fått mange myggstikk eller flåttbitt.
Opplys gjerne om mogleg smittekjelde og at det er påvist harepest i Agder. Dette kan bidra til raskare diagnostisering.
Meir informajson på FHI sine nettsider:
Harepest - informasjon til befolkninga