Gode resultat på nasjonale prøver og vidare satsing på lesing

Resultata frå dei nasjonale prøvene i 2026 syner at Bygland har barn med gode ferdigheiter. Særleg positivt er resultatet på 8. trinn med ein gjennomsnittleg høgare score enn Agder og nasjonalt.  

– Resultata på ungdomstrinnet viser at elevane våre presterer godt spesielt i rekning og engelsk. Samstundes må vi undersøkje kva elevane på dei ulike trinna meistrar, og kvar dei treng meir støtte, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur Marit Jaabæk Brokke

Lesing er viktig i alle fag

Resultata i lesing varierer mellom alle trinna, og her er det 5. trinn som uroar med vesentleg lågare score enn Agder og landet.

Lesing er viktig i alle fag, ikkje berre i norsk. Elevane må kunne forstå oppgåver, fagord, tabellar og ulike typar tekstar. God leseforståing er ein viktig føresetnad for livsmeistring og aktiv deltaking i vidare samfunnsliv. Elevgruppene i Bygland er små, og resultata kan difor variere mykje frå år til år. Resultata på nasjonale prøver  gir ikkje heile biletet, men er nyttige når dei blir vurderte saman med lærarane sine observasjonar, undervegsvurderingar i fag og andre kartleggingar,  seier kommunalsjefen.

Arbeidet startar med foreldra

-Grunnlaget for språk og lesing blir lagt tidleg. Når foreldra har positive haldningar til lesing, leser dei gjerne høgt for barna sine, nyttar biblioteket aktivt og kanskje gir dei bøker i gave, så smitter det over på barna og gir positive haldningar til lesing og god grunnleggjande leseferdigheit 

I barnehagen får barna møte bøker, forteljingar, samtalar og leik med språk. Dette styrkjer ordforrådet, forståinga og interessa for lesing. «Tøyveskebiblioteket» er eit godt tiltak for foreldra og barn for å styrke språkutviklinga, leseglede og leselyst. Eit godt samarbeid mellom foreldre, barnehage og skule skal gi barna ein trygg overgang og sikre samanheng i språkarbeidet.

Aktivt bruk av biblioteket/skulebiblioteket

Skulebiblioteket er ein viktig ressurs for både læring og leseglede. Gjennom samarbeid mellom lærarane og biblioteket/skulebiblioteket skal elevane få tilgang til bøker og tekstar som passar ulike interesser, fag og lesenivå. Målet er at fleire elevar skal oppleve leseglede, samtidig som dei utviklar evna til å forstå og bruke det dei les.

Resultata blir følgde opp gjennom barnehage- og skulebasert vurdering. Det betyr at leiinga og dei tilsette saman vurderer undervisninga, elevane si utvikling og effekten av tiltaka som blir sette inn.

– Målet er ikkje berre betre prøveresultat. Vi skal byggje vidare på det som fungerer, oppdage utfordringar tidleg og gi alle barn og elevar gode moglegheiter for læring og meistring, seier kommunalsjefen.

Her kan du finne resultat på NP for 5 trinn- 2026

Her kan du finne resultat på NP for 8. og 9.trinn- 2026