Glimt frå Stasjonens Dag på Byglandsfjord stasjon

Under Stasjonens Dag fekk publikum sjå resultatet av «Stasjonsveka», eit lærerikt og kreativt skuleprosjekt der elevane utforska historia på Byglandsfjord stasjon.

Prosjekt Stasjonsveka - Byglandsfjord oppvekstsenter ACA/Bygland kommune

Laurdag 5.9 var det Stasjonens Dag på Byglandsfjord stasjon. Dagen var flott, med fint ver, mykje god musikk og underhaldning, og ikkje minst interessante foredrag. Blant anna fortalde lærar Anita Jørstad om prosjektet « Stasjonsveka» som skulen hadde hatt. Elevane «kickstarta» med Torgeir Moseid- mannen som kan mykje og mangt om området og historia. Han fortalde elevane om livet på stasjonen i gamle dagar, viste fram utstyr og bygningar og svarte så godt han kunne, på alle tenkelige og utenkelige spørsmål.

Stasjonsveka 2026 ACA/Bygland kommune

Deretter arbeidde dei ulike klassetrinna på ulikt vis med teikningar, skisser og trykk og perspektivteikning. Resultatet var utruleg mange flotte teikningar, som ein kunne studere  i den gamle lokstallen.

Stasjonsveka har vore eit morosamt og lærerikt prosjekt var tilbakemeldinga frå både elevar og lærarar.

Stasjonsveka 2026 ACA/Bygland kommune

 

Stasjonsveka 2026 ACA/Bygland kommune