Gjennom dagen vart det løfta fram både forsking, praktiske erfaringar og gode døme frå kommunar og organisasjonar. Eit sentralt bodskap var at små endringar i kvardagen kan gi store helsegevinstar, og at fysisk aktivitet må byggjast inn i oppvekstmiljø, nærmiljø og samfunnsplanlegging.
For Bygland kommune var fleire tema særleg relevante. Innlegg om leik i skulen, attraktive uteområde, tilgjengelege nærfriluftsområde og korleis vi kan leggje til rette for aktivitet utan store kostnader, gir nyttige perspektiv inn i det lokale utviklingsarbeidet. Det vart også sett søkjelys på korleis aktivitet kan bidra til inkludering, meistring og sosial utjamning.
Konferansen understreka at det helsefremjande arbeidet ikkje berre handlar om idrett og trening, men om å skape eit lokalsamfunn der det er naturleg å gå, leike, sykle og vere i aktivitet gjennom heile livet.
Bygland kommune arbeider spesielt aktivt for å styrkje dei helsefremjande og førebyggjande tiltaka for barn og unge gjennom utviklingsarbeide Helsefremjande barnehagar og skular. Erfaringane frå konferansen vil vere eit viktig bidrag i det vidare arbeidet med å utvikle gode oppvekstmiljø, attraktive møteplassar og aktive lokalsamfunn i kommunen.
Råd om fysisk aktive liv frå Helsedirektoratet