Førespurnad om løyve til rydding av tre langs kommunale vegar

Bygland kommune ber om grunneigarane si velvilje til rydding av skog og vegetasjon langs kommunale vegar for å skape tryggare og meir framkomelege vegar.

Førespurnad om løyve til rydding av tre langs kommunale vegar

Kjære grunneigar,

Bygland kommune arbeider kontinuerleg med å betre trafikktryggleiken og framkoma på dei kommunale vegane. Mange stader er vegane omgjevne av skog og større tre som ved snøfall, vind og uvêr kan føre til at tre og greiner legg seg over vegbana. Dette skaper utfordringar både for trafikantar, utrykkingskøyretøy og kommunen sitt vintervedlikehald.

Kommunen eig i mange tilfelle berre eit avgrensa areal langs vegane, og vi ønskjer difor velvilje frå grunneigarane til å rydde skog og vegetasjon inntil 5 meter frå asfaltkanten på begge sider av kommunale vegar.

Tiltaket vil bidra til: 

  • betre trafikktryggleik og siktforhold langs vegen
  • mindre risiko for trefall og greiner over vegbana om vinteren
  • betre framkome for utrykkingskøyretøy, renovasjon og annan trafikk
  • meir sollys på vegbana slik at snø, is og fukt tørkar raskare opp
  • redusert behov for strøing og vintervedlikehald

 

Arbeidet er planlagt å starte frå senvinteren 2027 og vil deretter vere eit kontinuerleg tiltak langs det kommunale vegnettet etter behov. Kommunen vil utføre arbeidet på ein skånsam måte og avgrense ryddinga til det som er nødvendig for å oppnå formålet.

Alt tømmer vil bli lagt att på ein eigna stad på eigedomen. Kvist og mindre greiner vil bli samla inn og fjerna av kommunen.

Vi håpar på positiv velvilje og eit godt samarbeid om tiltaket. Dersom du har sterke innvendingar mot ryddinga på eigedomen din, eller ønskjer nærare informasjon om tiltaket, ber vi om at du tek kontakt med kommunen.


Med venleg helsing 

Bygland kommune 
Teknisk drift 

Kontaktperson: 
Thomas Patrick Salvesen Walther 
Telefon: 902 96 301