Familiebading og badstoge – bruk hovudinngangen til symjehallen

Det er viktig at alle brukar hovudinngangen til symjehallen, slik at badevakta veit kor mange som oppheld seg i anlegget.

Familiebading pixabay.com

Symjehallen ligg på Bygland skule. Inngangen er til venstre og rundt hjørnet frå hovudinngangen til skulen.

Alle gjester må gå inn gjennom hovudinngangen til symjehallen slik at badevakta har oversikt over kven som er i anlegget.

Kvifor er det viktig å bruke hovudinngangen til symjehallen? 

Anlegget består ikkje berre av symjehallen og badstoga, men også av garderobar, dusjar og toalett.

Også her kan det skje ulykker, til dømes fall på våte fliser, der badevakta må kunne hjelpe raskt.

Difor er det viktig at alle brukar hovudinngangen, slik at badevakta har oversikt over gjestene.

Vi oppmodar foreldre til å snakke med barna sine og forklare kvifor det er viktig at alle går inn hovudinngangen.

Slik får vi alle ei trygg og fin badeoppleving. 

Opningstider for familiebading og badstoge:

  • Tysdagar: kl. 17.00–20.00
  • Fredagar: kl. 17.00–20.00

Tilbodet er stengt i skuleferiane.

Symjehallen er open fram til påskeferien 2027.

Tilbodet er gratis.

Badstoge

Badstoga er open når symjehallen er open. Du må ha på deg badetøy når du nyttar badstoga.
 

Badevakt: Astrid Carlsen