Elevane si stemmer er viktig- informasjon om elevundersøkinga 2026

I november skal elevar ved skulane i Bygland kommuen delta i den nasjonale elevundersøkinga. Undersøkinga gir elevane høve til å sei si meining om forhold som er viktige for læring og trivsel i skulen. Elevane svarar på påstandar om trivsel, læringsmiljø, motivasjon, mobbing og støtte frå lærarane.

Målet med undersøkinga er å gje skulane kunnskap som kan nyttast til å utvikle eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Svara frå elevane er ein viktig del av skulane sitt kontinuerlege arbeid med kvalitet og utvikling av opplæringa.

Resultat frå elevundersøkinga er tilgjengeleg frå 10. desember 2026 og inngår i skulebasert vurdering ved skulane. Skulebasert vurdering handlar om å vurdere i kva grad skulen når måla for opplæringa og kva som kan gjerast for for å utvikle praksis og styrke elevane si læring, trivsel og inkludering. Når elevane deler erfaringane sine, får skulen eit viktig grunnlag for å identifisere styrkar, avdekke utfordringar og prioritere rette tiltak.

Det er frivillig for elevane å delta, og dei kan velje å hoppe over påstandar/spørsmål som dei ikkje ønskjer å svare på. Undersøkinga er anonyme og resultat blir handsama etter strenge reglar slik at einskilde personar ikkje skal kunne identifiserat.

I Bygland ønskjer vi at alle barn og unge skal oppleve å bli høyrde. Gjennom elevundersøkinga får dei ei viktig stemme i arbeidet med å utvikle gode skular der alle kan lære, trivast og kjenne tilhøyrsle.

Informasjon om elevundersøkinga på:

Engelsk

Polsk

Ukrainsk

Arabisk

Dari

Tigrinja

Sørsamisk

Nordsamisk