Vedtaket blei gjort i styremøtet 18. august, og er eit eksempel på korleis omstillingsmidlane i Bygland skal bidra til å utvikle eksisterande bedrifter, styrkje arbeidsplassar og skape grunnlag for ny vekst.
Rannei sake produserer tre ulike smaksretningar
Rannei sake
Frå Setesdal til internasjonale marknader
Gjennom prosjektet «Eksport & opplevingar innan norskprodusert sake» skal Bygland Bryggeri AS kartleggje moglegheitene for å ta den nye sake-satsinga Rannei ut i internasjonale marknader.
Målet er å undersøkje eksportmoglegheiter i fleire land, etablere kontakt med aktuelle importørar og utvikle ein strategi for vidare vekst. Samstundes skal bryggeriet utforske eit heilt nytt opplevingskonsept der internasjonale deltakarar kan kome til Bygland for å lære om sake-produksjon og lokal matkultur.
Rannei er ei særmerkt satsing som kombinerer tradisjonell japansk sakeproduksjon med norske råvarer og handverkstradisjonar frå Setesdal. Produktet har allereie vekt merksemd utanfor kommunen, og bryggeriet ønskjer no å undersøkje kor stort potensialet kan vere internasjonalt.
Heiar på lokale arbeidsplassar
Bygland Bryggeri AS har sidan etableringa i 2017 utvikla seg til å bli ein kjend ambassadør for Bygland og Setesdal gjennom både produkta sine og historieforteljinga som følgjer dei.
For Bygg Bygland handlar støtta om meir enn eit enkelt prosjekt.
Gjennom omstillingsarbeidet er eitt av hovudmåla å bidra til at lokale bedrifter kan utvikle seg vidare, finne nye marknader og stå sterkare rusta for framtida. Når eksisterande bedrifter får moglegheit til å vekse, aukar også sjansen for å sikre dagens arbeidsplassar og skape nye.
I vurderinga av søknaden blei det lagt vekt på at prosjektet kan gi bryggeriet fleire bein å stå på gjennom nye inntektskjelder og ei breiare marknadssatsing.
Eit steg vidare etter tidlegare utviklingsarbeid
Forprosjektet byggjer vidare på arbeid som allereie er gjort gjennom Innovasjon Noreg og SMB Utvikling-programmet (SMBU er eit utviklingsprogram der små og mellomstore bedriftar får målretta profesjonell bistand til å arbeidet med utvikling av eiga bedrift).
Torkjel Austad bryggar sake med norsk vri
Rannei Sake
Målet For Bygland Bryggeri AS er å skaffe nødvendig kunnskap, dokumentasjon og marknadsavklaringar som kan danne grunnlag for eit større hovudprosjekt i neste fase.
Prosjektet skal mellom anna:
- kartleggje aktuelle eksportmarknader,
- avklare regelverk og logistikk for eksport,
- utvikle eit «sake-internship» for internasjonale deltakarar,
- teste konseptet i praksis,
- og leggje grunnlaget for vidare finansiering og kommersialisering.
Bedrifta bidreg sjølv med halvparten av prosjektkostnaden gjennom eigeninnsats og eigne midlar.
Trur på moglegheitene i Bygland
Bygg Bygland er oppretta for å bidra til omstilling og næringsutvikling i kommunen. Gjennom målretta støtte til gode utviklingsprosjekt ønskjer ein å skape framtidstru, aktivitet og arbeidsplassar.
Satsinga til Bygland Bryggeri AS viser korleis lokale verksemder kan ta utgangspunkt i ressursane og historia vår, samtidig som dei rettar blikket mot nye marknader og internasjonale moglegheiter.
Når bedrifter tør å tenkje nytt, er det med på å styrkje heile lokalsamfunnet.
Styreleiar i Bygg Bygland, Runar Flåt Granheim seier dette om tilskotet og satsinga til Bygland Bryggeri AS:
"Eg og resten av styret i Bygg Bygland har trua på Bygland Bryggeri. Dei har gjennom fleire år profilert Bygland, Setesdal og kulturarv på ein måte som har gjeve stor internasjonal satsting. Gjennom denne satsinga breiar dei ut verksemda og kan få fleire bein å stå på. Dei har kompetanse, god planleggingsevne og ein risikovilje og tru på framtida som vi heiar sterkt på. Nettopp slike som Bygland Bryggeri treng vi Bygland."