Byglandsfjorden kan i periodar få ein vasstand som overstig kote 202,5 meter over havet. Dette skuldast både store mengder nedbør og arbeid med rehabilitering i området. Otteraaens Brugseierforening har løyve til å regulere vasstanden mellom 202,0 og 203,0 meter i sommarhalvåret.
Målet er å halde vasstanden på 202,5 meter, men dette let seg ikkje alltid gjere. Når nivået stig, kan dette føre til at strender blir mindre tilgjengelege, og at det blir krevjande – og i verste fall farleg – å passere under låge bruer med båt.
Det blir derfor oppmoda til å vere særleg merksam ved ferdsel på fjorden, spesielt i område med bruer der klaringa kan bli redusert. God vurdering og aktsemd er avgjerande for å unngå uhell i periodar med høg vasstand.