662 500 kroner til nye fritidsaktivitetar for ungdom i Bygland

Ei skikkeleg gladnyheit for Bygland! Bygland Frivilligsentral har fått 662 500 kroner frå Gjensidigestiftelsen til kunst- og kulturtilbod for barn og unge i kommunen.

PRESSEMELDING

662 500 kroner til nye fritidsaktivitetar for ungdom i Bygland

Bygland Frivilligsentral ved Anne Fauske fekk i dag under kommuenstyremøte tildelt 662 500 kroner frå Gjensidigestiftelsen til satsinga Ung Fritid i Bygland. Midlane skal nyttast over tre år til å skape fleire og varige fritidsaktivitetar for ungdom i Bygland kommune. Søknaden er sendt i samarbeid med Kultur og levekårskoordinator Ann Cecilie Andersen i Bygland Kommune. 

Ung Fritid skal vere eit supplement til eksisterande fritidstilbod og ungdomsklubb. Gjennom prosjektet skal ungdom få prøve seg på ulike uttrykksformer og aktivitetar. Profesjonelle aktørar skal inviterast til Bygland for å halde workshopar innan mellom anna dans, teater og kunst.

Målet er ikkje berre å gjennomføre enkeltståande workshopar. Ein viktig del av satsinga er å byggje lokal kompetanse som kan leve vidare etter prosjektperioden. Ungdom skal difor få høve til å lære av dei profesjonelle aktørane og utvikle seg til aktivitetsleiarar. På den måten kan kunnskap og erfaring førast vidare i faste aktivitetar i lokalmiljøet.

– Tildelinga gir oss eit fantastisk høve til å gi ungdom i Bygland fleire aktivitetar å velje mellom, samstundes som ungdommane sjølve får vere med på å utvikle tilboda. Vi ønskjer å skape arenaer for meistring, kreativitet, fellesskap og medverknad – og byggje noko som kan vare også etter at prosjektperioden er over, seier Anne Fauske i Bygland Frivilligsentral.

Satsinga byggjer vidare på Frivilligsentralen sitt arbeid med aktivitet og inkludering for barn og unge. Frivilligsentralen har allereie ei rekkje tilbod og møteplassar, og frivilligpolitikken i kommunen løftar fram gode oppvekstvilkår, inkludering og eit styrkt fritidstilbod gjennom samarbeid med frivilligheita.

Dei konkrete workshopane og aktivitetane vil bli planlagde nærare, og informasjon om oppstart og påmelding kjem seinare. Aktivitetar og høve til påmelding vil ein finne i Friskus, som er den nye appen til Bygland kommune for aktivitetar og nyheiter.

Fakta om satsinga

•    Mottakar: Bygland Frivilligsentral
•    Tilskot: 662 500 kroner frå Gjensidigestiftelsen
•    Prosjektperiode: tre år
•    Satsing: Ung Fritid
•    Innhald: mellom anna workshopar i dans, teater og kunst med profesjonelle aktørar
•    Ungdom skal få høve til å utvikle seg til aktivitetsleiarar
•    Målet er å vidareføre kompetansen i faste og varige aktivitetar i Bygland