Opningskonsert i Austad kyrkje på Tveit med Oslo Kammerkor

  • Konsert

Opningskonsert i Austad kyrkje på Tveit med Oslo Kammerkor

Dato

Søndag 13. september 2026

Tidspunkt

kl. 15:00 - 16:30

Stad

Austad kyrkje, Tveit

Last ned kalenderfil (.ics)

Det vert ei storslått feiring av den nyopna Austad kyrkje, sundag 13. september 2026 kl. 15.00. Dit kjem nemleg Oslo kammerkor.

Heilt sidan kyrkja på Tveit vart stengd i 2023 grunna manglar på det elektriske anlegget har det vore tale om å starte eit arbeid med kulturkyrkje. No er foreininga Setesdal kulturkyrkje formelt stifta, og det er mellom anna Gunnar D. Ose og Kirsten Bråten Berg som står i spissen for dette arbeidet.

Me er glade for å kunne ha ei opningsfeiring, sundag 13. september kl. 15:00, med mykje flott musikk. Oslo kammerkor er hovudattraksjonen.

Koret har i mange år arbeidd med folkemusikk. Kirsten Bråten Berg har hatt kurs med dei og har sjølv vore med på konsert i Ris kyrkje i Oslo. Koret nyttar stevleik, slåttetrallar og religiøse folketonar i programma sine.

Dirigent for koret er Håkon Daniel Nystedt, og fleire i koret er erfarne kvedarar. Koret skal laurdag 12. september ha kvedekurs med fleire kvedarar frå Setesdal spelemannslag.

I tillegg til Oslo kammerkor, vil kvedarar frå Setesdal spelemannslag, koret Kong Hanes eftf. med solist Jan Oddvar Rysstad, og organist Eirik Hodnemyr delta i konserten. Dette vil du ikkje gå glipp av.

Konsert med Oslo Kammerkor 13.09.2026 kl. 15.00 Austad kyrkje på Tveit

Foto: Setesdal Spelemannslag

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Setesdal Spelemannslag

Kontakt

Gro Tove Frafjord

Om staden

Namn

Austad kyrkje, Tveit

Om arrangementet

Pris voksen
250