BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4951//EN
BEGIN:VEVENT
UID:e4a4a34d-1a75-043e-3262-3d1e3f2a84c9
SUMMARY:Opningskonsert i Austad kyrkje på Tveit med Oslo Kammerkor
DESCRIPTION:Heilt sidan kyrkja på Tveit vart stengd i 2023 grunna manglar på det elektriske anlegget har det vore tale om å starte eit arbeid med kulturkyrkje. No er foreininga Setesdal kulturkyrkje formelt stifta, og det er mellom anna Gunnar D. Ose og Kirsten Bråten Berg som står i spissen for dette arbeidet. Me er glade for å kunne ha ei opningsfeiring, sundag 13. september kl. 15:00, med mykje flott musikk. Oslo kammerkor er hovudattraksjonen. Koret har i mange år arbeidd med folkemusikk. Kirsten Bråten Berg har hatt kurs med dei og har sjølv vore med på konsert i Ris kyrkje i Oslo. Koret nyttar stevleik, slåttetrallar og religiøse folketonar i programma sine. Dirigent for koret er Håkon Daniel Nystedt, og fleire i koret er erfarne kvedarar. Koret skal laurdag 12. september ha kvedekurs med fleire kvedarar frå Setesdal spelemannslag. I tillegg til Oslo kammerkor, vil kvedarar frå Setesdal spelemannslag, koret Kong Hanes eftf. med solist Jan Oddvar Rysstad, og organist Eirik Hodnemyr delta i konserten. Dette vil du ikkje gå glipp av. Konsert med Oslo Kammerkor 13.09.2026 kl. 15.00 Austad kyrkje på Tveit Setesdal Spelemannslag
DTSTART:20260913T130000Z
DTEND:20260913T143000Z
LOCATION:Austad kyrkje, Tveit
SEQUENCE:0
CREATED:20260826T144008Z
DTSTAMP:20260910T090631Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
