Lislefarmen 2026 og avduking av Langeidsverdet

  • Hendelse

Lislefarmen 2026 og avduking av Langeidsverdet

Dato

Laurdag 29. august 2026

Tidspunkt

kl. 11:00 - 16:00

Stad

Bygland museum

Last ned kalenderfil (.ics)

Bygland husflidslag og Bygland kommune inviterer til Lislefarmen 2026 med tema “Viking” - og avdukinga av Langeidsverdet på rundkøyringa på Bygland

Lislefarmen 2026 på Bygland museumstun tek til laurdag 29. august kl. 11.00 -16.00. Årets tema er «Viking». 

Bygland husflidslag skipar til eit festleg program med bl.a.

  • utstillare
  • vikingar
  • matsal
  • aktiviteter for borna
  • fiske konkurranse
  • rundturar med D/S Bjoren

 

Skulptur av Langeidsverdet på Bygland

Foto: Bygland kommune

Klokka 12.30 inviterer Bygland kommune alle interesserte til å vere med på avdukinga av Langeidsverdet ved rundkøyringa på Bygland (berre 400 meter unna museumstunet). 

Publikum får høve til å høyre meir om forskinga på Langeidsverdet, arbeidet med skulpturen og korleis kulturarven frå Setesdal vert formidla til nye generasjonar.

Hjarteleg velkomen til Vikingfest på Bygland 29. august!

 

Les meir:

Langeidsverdet får nytt liv: Frå arkeologisk sensasjonsfunn til nasjonalt kulturminne på Bygdøy og Bygland .

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygland husflidslag

Om staden

Namn

Bygland museum