Ein engasjert hyttebyglending

Hyttebyglendingane er klare! No når det vårast er det full aktivitet i mang ei hytte rundt om i kommunen. Hytteeigarane handlar på dei lokale butikkane, går tur langs Byglandsfjorden og engasjerer seg titt og ofte i lokalmiljøet. Tom Slorafoss og familien byter ut Lørenskog med hytta i Bygland så ofte dei kan.

Tekst: Marion Solheim

Ei av hyttene i Bygland tilhøyrer familien Slorafoss. Far i huset (eller hytta), Tom, er rett og slett ein jovial kar. Han har vore hyttebyglending i mange år, og vegen hit gjekk som det ofte gjer – via kjærleiken. Den blir pleia på hytta på Byglandsfjord, rett under Horjeknipen. Frå terrassen strekk utsikta seg frå ovanfor Frøyrak i nord og forbi Syrtveit i sør.

Kjærleik ved første blikk

Privat

-Sommaren 2001 vart eg invitert av Eva, min dåverande kjæreste -og noverande kone- til å bli med på familiehytta i Bygland, fortel Tom.

-Vi skulle treffe familien, grille og nyte varme og rolege dagar. Eg hadde høyrt at Byglandsfjord var den varmaste plassen i landet og hadde fantastiske bade- og båtforhold. Det skulle vere som himmel på jord. Og eg vart overtydd! Det vart ei sommarveke heilt utanom det vanlege, og eg var forelska til opp over øyrene. Både i dama og i Byglandsfjord!

Eva hadde arva hyttetomten frå besteforeldra sine, og planene om å bygge hytte kom kjapt på plass. Det vil seie, først var det bryllaup og ein ny verdsborgar ved namn Anders som kom. Og så, i 2006, kom hytta i Bygland på plass. «Versjon 1», som Tom kallar den.  Ny versjon er forresten på veg.

-Vi gler oss ekstra i familien i år til å utvide hytteparadiset denne sommaren. Prosessen med å få betre plass er i gang, i form av eit nytt anneks og ei ny bod på hytta. No ser vi fram til å møte ein serviceinnstilt kommune som kan hjelpe oss å realisere neste steg i draumeplassen. Og så håpar vi også at dette vil knyte heile familien endå tettare til staden, seier Tom.

Bygland er indrefileten

-Du ser jo ting utanfrå, kva er det beste med Bygland sett med dine auge?

-For meg er Byglandsfjorden sjølve indrefileten i Bygland. Sandstrender, holmar og skjær – det beste Sørlandet har å by på. Varmerekordar om sommaren. Gullande reint vatn. Tenk at badevatnet her kan drikkast! Urlaksen bleke som sym rundt her framleis, etter tusenvis av år. Bjoren som fløytar frå fjorden, både på opptur og nedtur. Og alt dette er tilgjengeleg rett framfor meg, som den hyttebyglendingen eg er.


-Har du nokre personlege favorittar i kommunen?

Privat

-Ja, eg må jo nemne -heilt subjektivt- at eg gler meg til «den vesle sørlandsbyen» Byglandsfjord igjen kan bli ein yrande liten tettstad. Ein slik plass det er umogleg å la vere å stoppe i. For ei perle av ein plass dette kan bli igjen! Kanskje til og med så atteraktivt at vi ønsker å busette oss her…

Tom og familien brukar tilboda i kommunen og kjenner Bygland godt. Og naturen, den må berre opplevast, etter deira meining.

-Det er så mykje flott. Turar på dei mange heiene, på alle dei tilgjengelege toppane her og sykkelturar kring fjorden. Ein spesiell favoritt er overnatting under åpen himmel om sommaren – med lysforhold som gjer at du bokstaveleg tala kan sjå millionar av stjerner. Og frå tid til anna kan ein vere heldig og oppleve nordlys også!

-Lytt til ungdommen

Tom har også engasjert seg i utviklinga av kommunen. Omstillingsprosessen som no er i gong synest han er veldig spennande å følge med på. Han har klare tankar om framtida for Bygland.

-Trendane ein ønsker å stoppe må snu om. Det hastar, sler han fast.

-Kva ønsker ein eigentleg å oppnå? Korleis vil ein at moglege nye ressursar inn i kommunen skal oppfatte Bygland og innbyggjarane her? Her er det spreke utfordringar for politikarar, kommuneadministrasjon og ikkje minst innbyggjarane sjølve – som ei samla kraft. Kanskje kan også hyttebyglendingane vere ei ressursgruppe? Eg har sjølv vore heldig og delteke i det som initialt vart gjort i denne prosessen. For meg dreier dette seg mykje om at alle involverte må våge å gje litt slepp for å dei trendane ein ønsker. Eg trur ein må vere villige til å sjå at fortida ikkje kjem tilbake. Framtida har nye og andre utfordringar.

Ei gruppe er ekstra viktig for Tom.

-Lytt til dei unge i kommunen! Det er dei som skal drive Bygland vidare, og då må dei jo ønske å leve her, på sine premissar. Mangfald skapar perspektiv; perspektiv skapar vidsyn. Og vidsynet kan bli Bygland si styrke! I Bygland bør det være rom og plass for mange fasettar, seier den engasjerte hyttebyglendingen.

Det vårast, og hytteeigarane i Bygland riggar for sommaren. Utemøblar blir spylt og vaska, dyner hengast til lufting og grillen blir fyrt opp. Tom og familien ser også fram til mange kjekke dagar på hytta i Bygland.

-I år er det ganske enkelt å glede seg til månadane vi har framfor oss. Ein god, varm, «gammaldags» Byglandssomar blir i seg sjølv heilt fantastisk etter den lange og nedbørstunge vinteren vi har hatt. Det blir båt, bading, grilling, turar, familie og late dagar, avsluttar ein nøgd hyttebyglending.

Privat