Anna har 12 år bak seg med innsats for born og unge via barnevernet

Anna Olavsdotter Rysstad på Rysstad har i 12 år stått på for born og unge via ulike barnevernstenester. Ho er ikkje i tvil om at det er verdt innsatsen.
– Det kan ta på, men du verda kor mykje ein får att, seier ho.
 

Anna har vore både avlastingsheim og besøksheim via barnevernet, og dessutan har ho og mannen Marton vore mellombels fosterheim. I 12 år har ho altså drive på, og seks ulike born har vore innom heimen på Heimigard.

– Eg tykkjer det er godt å kunne hjelpe, først og fremst borna det gjeld, men også foreldra. Det er ikkje så mykje ein treng for å klare dette. Ein må ha eit hjarta som brenn litt for det, og ein må ha litt tid. Men det krev slett ikkje så mykje tid som mange kanskje trur, difor er eg sikker på at mange rundt om kunne ha gjort ein solid innsats, seier ho.

God oppbacking

Anna har lang erfaring med innsats for born og unge via barnevernet

Anna Olavsdotter Rysstad strekar under at i alt ein gjer via barnevernet så er det god oppbacking av barnevernet lokalt.

– Både med tanke på praktiske sider ved dette men også om ein har spørsmål, så er det godt at det ikkje er så lang veg til gode råd. Eg har gjennom desse åra opplevd born som slår seg til ro, får meir tryggleik og difor kan utvikle seg. Så er det ikkje alltid at alt går på skinner. Å vere tolmodig er viktig når ein tar på seg oppgåver som dette, seier ho.

Anna har altså halde på med innsats for born, unge og foreldre i 12 år, og har ikkje tenkt å gje seg.

– Det er så gjevande at eg skal i alle fall halde fram. Så håpar eg verkeleg at det finst fleire her i dalen som kan tenke seg å gjere ein innsats. Behovet er diverre stort, difor er det viktig at så mange som råd prøver å hjelpe, seier Anna Olavsdotter Rysstad.

Tekst: Ole Birger Lien
Foto: privat