Vi har generell rettleiingsplikt innafor byggesaksdelen av plan- og bygningsloven. Vi kan opplyse om krav og forutsetningar jfr. plan- og bygningsloven og dei ofentlege rammebetingelsane for tiltaket, lov, forskrift og arealplan.
Ver klar over at vi kan ikkje hjelpe deg med å utforme søknader og/eller prosjektere. Vi kan heller ikkje seie noko om utfallet av ein søknad før kommunen har fått inn ein søknad.
Dette kan du prøve sjølv før du kontaktar kommune:
Dersom du treng å kome i kontakt med byggesaksbehandlar:
Du kan sende e-post til post@bygland.kommune.no, eller ringe til 379 34 700 i kommunen si opningstid (måndag til fredag kl. 10:00 - 14:00)
Hugs å ha følgjande informasjon klart:
- Namnet ditt (gjeld om du sender e-post)
- Telefonnummer
- Gards- og bruksnummer eller adresse til eigedomen det gjeld
- Kort beskrivelse av saka
Førehandskonferanse
Dersom du treng hjelp før du starter ein bygge- eller delingssøknad, kan du bestille avtale for førehandskonferanse med kommunen.
Du kan bestille tid til førehandskonferanse ved å fylle ut dette skjemaet.
Publisert 05.11.2023 13:55
Sist endra 31.08.2026 10:58