Søknad om deling/omdisponering av landbrukseigedom

Ved deling/disponering av landbrukseigedom må det søkjast om løyve både etter jordlova og plan- og bygningslova.

Det finst ikkje eit eige skjema for søknad om deling etter jordlova. Søknad om samtykke til deling skal derfor sendast som eit eige søknadsbrev til kommunen. 

Søknadsbrevet skal innehalde:

  • namn på søkjar og grunnopplysningar om eigedomen
  • eigedomen sitt totalareal, inkludert kor mykje som er fulldyrka jord, overflatedyrka jord/gjødsla beite, skog og anna areal
  • korleis teigane ligg i forhold til kvarandre dersom eigedomen består av fleire teigar
  • opplysningar om bygningar på eigedomen og tilstanden deira
  • planstatus for området som søknaden omfattar
  • føremålet med frådelinga
  • opplysningar om eventuelle rettar knytte til eigedomen, og korleis desse skal fordelast mellom det frådelte arealet og attverande eigedom. 


Følgjande skal leggjast ved søknaden:

  • kart der grensene for eigedomen og arealet som ønskjast frådelt er teikna inn
  • eventuelt ei skisse over eigedomen dersom slikt kart ikkje ligg føre. 

Les mer her: Søke om deling av landbrukseiendom - Landbruksdirektoratet

Vedlagde skjema skal nyttast ved søknad etter plan- og bygningslova.

5153-Søkn. om tilt. uten_s1

Søknaden må vere godkjend både etter jordlova og plan- og bygningslova før frådelinga kan gjennomførast.