Kvifor treng vi ei seniorside?
I Bygland er om lag 312 innbyggjarar 65 år eller eldre. Det utgjer nær 27 prosent av folketalet. Dette er ein stor og viktig del av innbyggjarane våre.
Samtidig finn informasjon seg i dag på mange ulike plassar. Nyheiter ligg på heimesida, aktivitetar i Friskus, informasjon kjem gjennom Byglandsnytt og frå ulike tenesteområde. For mange kan det vere vanskeleg å vite kvar ein skal leite.
Kva er «Senior i Bygland»?
Målet er ikkje å bygge ei ny og komplisert nettside. Vi ønskjer å etablere ei enkel og oversiktleg temaside innanfor dagens heimeside.
Sida skal vere ein inngangsport til informasjon som allereie finst, og samle nyttige lenker, aktivitetar, nyheiter og tenester på ein stad.
Kva skal sida innehalde?
Vi ser føre oss mellom anna:
Kva vil kommunen oppnå?
Ei slik side kan bidra til:
- enklare tilgang til informasjon
- auka deltaking i aktivitetar og sosiale møteplassar
- betre kjennskap til kommunale tenester
- styrkt digital inkludering blant eldre innbyggjarar